fre 06 sep 2019, 15:48#585536
Fekk demonstrert en flishugger her i veka, han som hadde den kom eg i snakk med.
Han hadde berre stihl sager, hadde kjøpt ei 500 i.
Han sa At han brukte ho til alt, med 3/8 RS kjede.
Trur han går på temmelig mykje grov sitkagran.
Han har og ein robotslipar for og slipa kjedene, lurer på om han kallte den for Markusson.
Han begynte i bransjen i 2007 og har bygd seg bra opp. Har veldigt mykje ( dyrt) utstyr. Fleire Jensen flisarar, der den største tar 40 cm, fendt traktor samt ein nesten ny Dodge pick upp med over 300 hk.
Uten tvil ein arbeidsom og svært dyktig fyr, sjølv om eg aldri hadde tørt og slå sånn på stortromma med tanke på utstyrskjøp.