mån 23 nov 2009, 01:37#72596
Det er kanskje ikkje av så stor interesse, men eg kan jo skyte inn at det her i Vest-Norge er plante mykje sitka gran i skogreisingpolitikken, særlig på 50 - 60 talet. Eg tror vi har ca 2 ha med sånn gran rundt huset, derav nicket 🧠 . Gran er jo stort sett et innført treslag uansett her, så den møter no motbør fra miljøhold mfl, og særlig sitkagrana. Den var jo særlig planta ut mot kysten pga den tåler salt og vind, generelt hardfør. Men, vel også ein del i innlandet her, - og tilhøva her er jo ikke særlig ulike antar eg frå der den stammar frå,stillehavskysten usa/canada ?? , relativt fuktig og gjennomgåande høg middeltemparatur året under eitt.
Uansett ka det er så veks det som ugras, ein del er nok 50, endå 60 cm i brysthøgde, planta mellom 1959-64, antar eg. Mellom to årringar har eg målt opptil 1,7 cm, den var kanskje 35 - 40 cm i rota. Eg har aldri hatt noko med organisert skogbruk å gjere i grunn, men det virker som ikkje alle sagbruk eller massevirkemottak er overbeigeistra for sitkagrana, og andrer raritetar som vart delt ut gratis med pengar på kjøpet til markeigarar etter krigen, kjempetuja, Hemlock, Douglas, edelgran, gran frå Schwarzwald (??).
Var vel heilt nede i 130 NOK/Kbm for massevirke av sitka ein gong vi sjekka for eventuelt å hogge eit lass eller to. Det er i alle fall for lite når ein må gjere jobben manuelt, eventuelt også m innleigde folk, terrenget er jo alpeaktig, igrunn verre. Mykje slik skog blir nok ståande til den rotnar, om ikkje det kjem nokre svenskar og hogg den
. Er jo ein del gran her frå 1880/90 talet(??), den er nok hinsides alt håp, sikkert 1 m - 1.50 i brysthøgd og 40m høge .
Har nå hørt at kanskje sitka grana blir godkjent til bygning, og då blir kanskje prisane høgare ?? Kanskje sendes den og direkte til Tyskland med båt, ka de ska med den veit eg ikkje. Ser jo og ut til at massevirke av sitka også no går for oftast same pris som vanleg gran.
Dette er jo absolutt en periferi av skandinavisk skogbruk,(stort sett berre ustabile biinntekter for eigarane, igrunn lite tradisjon her for tømmerdrift av barskog, dog med unntak for enkelte lommer) men det står vel kanskje ein del om sitka i arkiva på denne sida ;
www.vestskog.no, og i linkane sikkert, for det er masse sånne tre langs kysten og fjordane her igrunn. Klimaskog og dasspapir