Traktorer och processorer

Varmekran traktor, endre fra mekanisk til elektrisk

4 inlägg 1296 visningar 2 följer Svara, dela mm...   
Användarvisningsbild

Varmekran traktor, endre fra mekanisk til elektrisk

Agrostar  
#745518 Har no ein kran til varmeapparatet som er mekanisk betjent med vaier. Vil bygge om dette til elektrisk, da panelet som betjener krana har gått sund 2 gonger, er kun plastikk. Eg har funne 2 plassar der eg får kjøpt alt komplett.
https://www.t7design.co.uk/electric-heater-valve-control-knob-12v-24v-812-f78-c0e.html
https://www.summitracing.com/parts/vta-50507-vua?seid=srese1&gclid=CjgKEAjwkpacBRCNlprWw-u-nBwSJACwHiw-o71qshbYCJe5BuLYbb4Dcs0a6EEHE14nPSbkWIyjJPD_BwE

Felles for desse er ein elektronisk styrd varmekran, hjerne og eit potensiometer. Da kan eg vri på potensiometeret for å få 0-100% varme, heilt topp! Men så begynte eg å tenke, kan eg ta skrittet til automatisk varmeregulering? Det finns masse enkle temperaturkontroller, som denne feks: https://www.ebay.com/itm/353853604221?hash=item526351817d:g:AGMAAOSwidVh3qYB. Men, desse er kun av/på med varmen. Eg skulle hatt 0-100% utgang med 0-5k ohm signal.

Det finns nokon varmekraner som er kun av/på. Ved 12v signal går desse ifra stengt til åpen, og stenger igjen når signalet blir borte. Det hadde jo fungert, men eg ser for meg at i ei lita traktorhytte vil det bli varmt-kaldt-varmt-kaldt-varmt-kaldt pga treghet i systemet. Ser på potensiometeret i begge linkane at det går 3 ledningar til dei. Da er det vel spenningen som blir målt inn på hjernen, og ikkje motstanden? Hvis eg da hadde klart å finne ein temp kontroller som var tenkt til å styre ei vifte feks, med samme utspenning så vil eg vel kunne ta utsignalet fra temp kontrolleren inn på hjernen til varmekrana?

Om nokon har bedre idear er det berre å komme med det. Om eg ikkje får det til automatisk så blir det med potmeter :)



   TS
Lantmännen Maskin
Avatar Fallback

Re: Varmekran traktor, endre fra mekanisk til elektrisk

Cat554  
#758677 Har du forsøkt noe av dette?
OH

Användarvisningsbild

Re: Varmekran traktor, endre fra mekanisk til elektrisk

Agrostar  
#758694 Bestilte inn ifra T7 Design ein elektrisk varmekran og potensiometer. Men har ikkje fått montert det enda.

   TS
Användarvisningsbild

Re: Varmekran traktor, endre fra mekanisk til elektrisk

Agrostar  
#760015 Hadde meg ei stund igår og idag, så nå er det blitt elektrisk kran.
Enda opp med denne ifra T7Design: https://www.t7design.co.uk/pwm-controlled-electric-water-valve-with-pot-knob-and-flange-12v-0410-0412.html
Den låg ikkje i nettbutikken når eg bestilte, men fekk epost at dei tilbydde den, og kom ut nett etterpå.

Fjerna orginale brytaren for varme, kappa vekk eindel unødig plastikk i panelet, montert potensiometer på samme plass som orginalt. Trakk 5 leder kabel ifra panel og til kranen. Pluss, minus og 3 ledningar til potensiometer. Krana var i samme dimensjon som den orginale, 16mm-5/8, så det gjekk fint å bytte. Har kun nett testa at det fungerer, ikkje fått prøvd det i praksis enda. Og no som sommaren kom vil det nok bli ei stund til eg får testa det skikkeleg.

1654542634_img_20220605_190026.jpg

Tatt ut panel

1654542635_img_20220605_190034.jpg

Dei to tannhjula i midten er for orginal wirestyring av varmekran. Alt det kan vekk.

1654542635_img_20220605_191844.jpg
1654542631_img_20220605_192644.jpg

Fått montert potensiometer og fjerna litt plast.

1654542636_img_20220606_132736.jpg

1654542635_img_20220606_135233.jpg

Testing av kran før montering.

1654542635_img_20220606_140727.jpg

Sånn ser det ut i hytta, stemde ganske bra med størrelse og utsjånad.

   TS
Fredrik Reuter
Hej Gäst! Jag heter Fredrik och driver denna sajt. Jag skulle gärna vilja tipsa dig om hur du kan få ut mer av skogsforum. Klicka på de knappar som passar dig här intill (minifönster öppnas).