ons 12 jan 2022, 22:59#743261
Eg har ein 5207 frå 1981 med mykje rust, men det meste virkar enno. Kvaliteten virkar fullt på høgde med andre. Alt av olje og diesel er på eine sida av motoren, startar og dynamo og alt anna elektrisk på den andre. Han kjem aldri til å koka eller lekka kjølevatn. Hydraulikkpumpa er på 35 lpm, som var bra på den tida på småtraktorar. Girspakane er ute på høgresida, så golvet er flatt og så ryddig som du held det sjølv. Eg ville heller hatt ein Fendt, men det er ingen andre 50-hestarar frå 1981 eg heller ville hatt.