sön 12 jan 2014, 12:33#257200
Syns kanskje eg og har litt å bidra med her, siden eg er vaksen opp på gard på Vestlandet og kan kanskje bidra med litt gardshistorie. Bakkane er mykje mindre her enn i Sverige reknar ikkje flatemål i hektar men i dekar, fins nesten ingen flater der eg kjem fra på over ett hektar men det fins ein masse på under ett dekar og ein del heilt ned i 20-30 kvadratmeter. Jordbruket blei dreve heilt annerledes før. Den første hesteslåmaskina fekk dei rundt 1910, før det måtte alt graset til hest, kyr og sauer slås med langorv og stuttorv. Men mange av dei Bakkane som me slår i dag hadde dei korn (bygg og havre) på slik at dei slo mykje små teiger i skogen. Hesten blei i gammal tid lite nytta til å føra inn høy med, dei bar det på ryggen. Men utviklinga gjekk nå sin gang og etter kvart fekk dei høykjerrer ein gang i begynnelsen av 1900 tallet, samt ein liten silokum. Fram til da hadde alt graset blitt tørka til høy enten på bakken i godver eller hesjing. Fram til ca 1955 blei alt graset slåt med hesteslåmaskin og enten langorv eller stuttorv så det gjalt å vera god å slå med ljå på midten av 1950 tallet fekk dei bensinslåmaskin slik at no kunne dei bruka den der det var litt flater, no fekk dei også traktor, ein ferguson bensintraktor i Norge blir dei kalla Gråtass.
I -66 eller -67 blei gråtassen skifta ut med ein ferguson -135 og i -70 eller -71 fekk dei den først forhaustaren som jo var ein revolusjon. Den var primitiv og ein slo oppi ein tilhenger uten tipp, men gaffla alt graset oppi ein silokutter som blåste det oppi ein silokum.
Bakkane er som sagt små, bratte, kronglete og traktor og tilhenger passer best der det er litt størrelse på flatane så ut på 70 tallet kom det noke som heiter vossakasse, ein kasse som heng bakpå traktoren den passer bra der det er bratt og små teiger. Ein fekk også ny og større silokum, med orkel transportband til å få graset oppi og i -84 fekk ein den først 4 hjulstrekkeren. Selv om ein etter kvart hadde fått mange hjelpemiddel som bensinslåmaskin og forhauster så var det fremdeles mykje som måtte slås med ljå, både med langorv og stuttorv. Inntill plomme, pære og epletrær inntill gjerder og steiner langs veikanter og ein del plasser er det så bratt at ein ikkje eingong kan slå med bensinslåmaskin. Så ljåslåtten var fremdeles ein formidabel jobb men i -86 eller -87 kom den første ryddesaga med gøtt eller som me kaller det maskinljå det var ein liten partner. Den slo ikkje fortare enn ein ljå men ein slapp og slipa på slipesteinen samt bryna. Partneren blei etter kvart bytta ut med Husqvarna ryddesag med gøtt den var større og kraftigare og etter at bestefaren min døde i -89 har det ikkje vært slått så mykje med ljå heime selv om faren min kan det. Eg og har slått litt med ljå i barndommen men eg måtte som regel raka med rive.
Det har vært ei heilt utrulig utvikling siden begynnelsen av 1900 tallet, spesielt etter -50 tallet. Slåtten før var ein heilt formidabel jobb som tok fleire måneder dei begynnte i juni ein gong og eg trur dei var ferdige i august/september. Spesielt i sommrar med mykje dårligt vær, alt graset skulle jo tørkast. I 2008 fekk me også eletriske sauegjerder slik at mesteparten av der det er bratt og kronglete blir no beita av sau. Slåtten som dei før brukte måneder på tar eg, bror og far min på noen få dager. Ein eldre kar heime, født 1904 sa det ganske kort og greit, slåtten no er berre ein leik. Veit ikkje kor innteresant dette er men kanskje noen vil lesa det allikavel, gardsbruka var eit lite samfunn på den tida kanskje spesielt før krigen. (andre verdenskrig). Til sist er det nok slik selv om mekansiseringa av landbruket bidrog til å gjera ting mykje lettare for bøndene så førte det nok også til "døden" for bønden, dei fleste små og mellomstore gardsbruka på Vestlandet er meir eller mindre lagt ned.