sön 15 mar 2015, 20:02#321757
Tenkte å skriva litt om ulike rundfiler i denne tråden her litt no og litt etter kvart som eg finn ut meir. Noke av det eg skriv er eg sikker på, andre ting er meir antagelser. I første omgang tenkte eg kanskje å skriva litt om 4,5 mm (11/64) siå det er den mest benytta rundfila til 95 vpx/H30. Noke eg har merka meg generelt er at det kan vera ganske store forskjeller innen samme merke, eks vis så er ikkje nødvendigvis to oregon filer identiske noken er bedre enn andre. Det treng heller ikkje vera likhet mellom ulike diameterklasser på filene filene som er bra som 4,8 mm er ikkje nødvendigvis bra som 4,5 mm
Her er dei merkene eg har funne ut til no som har 4,5 mm fil. Oregon, Vallorbe,red mountain, HVA intensiv cut, øberg,stihl classic, save edge, pferd smooth cut,pferd vanlig,carlton samt echo.
Tenkte å prøva ut noken av disse iverfall tanken er selvsagt å finne den eg synes er best totalt sett.
Oregon bruker eg no, den er ikkje så verst litt forskjell fra fil til fil fila tar litt ujevnt også deler av fila tar meir enn andre deler. Filer ganske så mjukt.
Hva intensiv cut, har ikkje saga med kjeda etter å ha brukt fila men fekk litt "grovraspfølelsen" etter å ha brukt denne. Den gammel intensiv cut var mykje mjukar, den nye ser annerledes ut tydeligt at det er gjort forandringer.
Stihl classic er ei stund siå eg brukte denne sist, meiner å huske at eg her og fekk "grovrasp" følelsen. comfort utgaven finnes ikkje som 4,5 mm.
Vil tru at dette kan vera litt innteresangt for andre og i og med at H 30 er ei av dei mest brukte kjedene. Selvsagt open for diskusjoner om filer i andre dimmensjoner og til andre kjeder også. Har brukt ein del H 25 selv. Der kan ein jo bruka 4,8 mm nesten heilt ut.